torsdag 29. april 2010

Så e me i gong for alvor!

Heile bøttebaletten i gong med å reisa veggar, mens vergudane viser seg frå si gråaste side. Men, det er lysning i sikte, vermannen spådde at vinden skal dreia på nord på lørdag og sola kjem fram igjen. For observante sjåarar vil eg beklage Chrysleren framføre huset, det skal absolutt ikkje gjenta seg.


Trur at kåken vil passa fint inn med det gamle naustmiljøet.


fredag 23. april 2010

Ringmur og grovstøyp

Mur og grovstøyp er no ferdig.
Stendere og bjelker er etter sigende ferdig kappa og snekkerteamet står klar til å rykke inn med hammer og spiker. Dette ser me veldig fram til!

torsdag 15. april 2010

Ringmurelementene på plass!

Det kjem seg i tomta, Rebekka og 9na inspiserer Jackon ringmurselementene.





søndag 11. april 2010

Moldberget og flaten

Denne moldhaugen skal forvandles til ein fin hage med epletrer og plen. God plass til trampoline og kanskje ein liten hagebenk....

Klar for støyping av såle og ringmur

I kommande veke begynner de å støype sålen. Arild, som fører gravemaskinen, har allerede gjort ferdig muren i nordvest og resultatet er et veldig fint og ryddig hjørne i bakkant av huset.

Sett frå sjøen

...ser det endå temmelig kaotisk ut, men me har tru på at det vert veldig fint når murane kjem opp og all jorda vert planert på framsida.

torsdag 1. april 2010

Påske

No har alle velfortjent påskeferie, men før det blei alle rør lagt ned og kobla. Rør til gasspeis lagt inn i husgrunnen og BKK la strømmen ned i grøft for at me skal sleppe å ha linjene på stolpe rett framfor stoveglasa. Rett etter påske starter støyping av plate og "gravemaskinisten" skal legge opp murer med stein og fylle til med mold.